Caroline av Status Quo

Caroline
Singel av Status Quo
frå albumet Hello!
B-side

Joanne

Utgjeve 31 august 1973
Sjanger Rock[1]
Lengd 3:43
Selskap Vertigo
Låtskrivar(ar) Francis Rossi, Bob Young
Produsent Status Quo
Status Quo-kronologi 
«Gerdundula»
(1973)
Caroline «Break the Rules»
(1974)
-kronologi
«She Don't Fool Me»
(1982)
Caroline «Ol' Rag Blues»
(1983)


«Caroline» er ein song av det britiske rockebandet Status Quo i 1973. Han kom ut på albumet Hello! i 1973.[2]

Songen var skriven av bandleiaren Francis Rossi og scenearbeidaren deira Bob Young på ein serviett i matsalen på eit hotell i Perranporth i Cornwall i 1971. Det vart spelt inn to demoar av songen, ein kjapp og ein langsam.[3]

Sogen vart ofte nytta som opningsnummer på konsertane til Status Quo i over 25 år.[3] Han vart spelt som andre song på Live Aid-konserten deira i 1985 og inspirerte Apollo 440-singelen «Stop the Rock» i 1999.[4]

Songen vart spelt inn på ny i 2014 for det 31. albumet til bandet, Aquostic (Stripped Bare).

Singlar endre

  • 1973: «Caroline» (Rossi/Young) (3.43) / «Joanne» (Lancaster) (4.06) 45 rpm Vinyl 7", Vertigo / 6059 085 Tyskland, Storbritannia
  • 1985: «Caroline» / «Down Down» 45 rpm Vinyl 7", Old Gold / OG 9566 Storbritannia

Salslister endre

Liste (1973) Plassering
UK Singles Chart 5
Sverige 5
Tyskland 36
Belgia 9
Noreg 12
Irland 11
Liste (1982) Plassering
UK Singles Chart 13
Irland 12

Kjelder endre

  1. https://www.allmusic.com/album/hello%21-mw0000473649
  2. «Status Quo discography». statusquo.co.uk. Arkivert frå originalen 11. januar 2010. Henta 3. oktober 2018. 
  3. 3,0 3,1 «How we made: Caroline - Status Quo». The Guardian. 2. april 2013. Henta 3. oktober 2018. 
  4. Warwick, Kutner & Brown 2004, s. 75