Opna hovudmenyen
Hello!
Studioalbum av Status Quo
Utgjeve 28. september 1973
Innspelt 1973
Studio I.B.C. Studios, Portland Place, London
Sjanger Hardrock
Lengd 39:08
Selskap Vertigo (Storbritannia)
A&M (USA)
Produsent Status Quo
Status Quo-kronologi
Piledriver
(1972)
Hello! Quo
(1974)


Singlar frå Hello!
  1. «Caroline»
    Utgjeve: 1973

Hello! er det sjette studioalbumet til det britiske rockebandet Status Quo. Det kom ut i september 1973 og var det første av fire Quo-album som gjekk til topps på den britiske albumlista. Det var òg det første Quo-albumet der trommeslagaren John Coghlan medverka som låtskrivar.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [1]

Klaverspelaren Andy Bown og saksofonisten Stewart Blandamer spelte begge på «Forty-Five Hundred Times». Dette var første gangen Bown spelte på eit Status Quo-album før han seinare vart permanent medlem i bandet.

BakgrunnEndra

I 1973 byrja Status Quo å få suksess att på salslistene, etter at dei i 1972 fekk kontrakt hos Vertigo. Det gamle selskapet deira, Pye, valte då å gje ut ein singel frå albumet deira frå 1971, Dog of Two Head. Singelen «Mean Girl» nådde då 20. plassen på singellista.

I august 1973 kom den einaste singelen frå det nye albumet, «Caroline», skriven av Rossi og Young. Denne nådde femteplassen på singellista i Storbritannia og vart den første singelen deira som nådde så høgt. B-sida var ein song som ikkje var med på albumet, «Joanne», skriven av Alan Lancaster og Rick Parfitt.

Ei 8-spors lydbandutgåve av albumet kom ut i september same året.

Det vart ikkje gjeve ut andre singlar frå albumet, sjølv om eit konsertopptak av «Roll Over Lay Down» kom ut på ein trespors EP i mai 1975 og nådde niandeplassen på UK Singles Chart og andreplassen på den australske singellista, den einaste topp ti-hitten deira der.

Dette var det første albumet deira der bandnamnet stod skrive i den faste fonten som vart nytta på alle albuma deira sidan.

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Roll Over Lay Down»  Francis Rossi, Rick Parfitt, Alan Lancaster, John Coghlan, Bob Young 5:38
2. «Claudie»  Rossi, Young 4:06
3. «A Reason for Living»  Rossi, Parfitt 3:46
4. «Blue Eyed Lady»  Parfitt, Lancaster 3:54
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
5. «Caroline»  Rossi, Young 4:18
6. «Softer Ride»  Parfitt, Lancaster 4:02
7. «And It's Better Now»  Rossi, Young 3:20
8. «Forty Five Hundred Times»  Rossi, Parfitt 9:53
Bonusspor på 2005-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
9. «Joanne» (B-side til «Caroline»)Parfitt, Lancaster 4:06
Bonus-CD med 2014-utgåva
# Tittel Lengd
1. «Joanne» (B-side til «Caroline») 4:06
2. «Caroline» (original demo fast)  
3. «Caroline» (original demo slow)  
4. «Don't Waste My Time» (live 1973 Reading Festival)  
5. «Caroline»    
6. «Caroline» (stereo edit)  
7. «Is it Really Me/Gotta Go Home» (live 1973)  

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. http://www.allmusic.com/album/hello!-mw0000473649