Carrara
Carrara er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Massa-Carrara i regionen Toscana og har om lag 65 000 innbyggjarar.
Carrara | |||
by | |||
Motto: Fortitudo mea in rota | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Toscana | ||
Provins | Massa-Carrara | ||
Areal | 71,01 km² | ||
Folketal | 59 905 (1. januar 2023) | ||
Borgarmeister | Andrea Angelo Zubbani | ||
Postnummer | 54033 | ||
Retningsnummer | 0585 | ||
Carrara 44°05′00″N 10°06′00″E / 44.083333333333°N 10.1°E | |||
Wikimedia Commons: Carrara |
Byen ligg ved elva Carrione, om lag 100 km nordvest for Firenze, og er kjend for den kvite eller blåkvite marmoren som vert henta ut her.
Historie
endreKommunen Carrara vart oppretta i 1235.
I gjennom hundreåra vart han styrt av Pisa (1235), Lucca (1322), Genova (1329), og Milano (1343). Etter Filippo Maria Visconti frå Milano døydde i 1477 kjempa Tommaso Campogregoso, herre av Sarzana og Malaspina-familien om makta i byen.
Carrara og Massa danna i lag hertugdømet Massa og Carrara frå 1400- til 1800-talet.
I 1929 vart kommunane Carrara, Massa og Montignoso slått saman til ein enkel storkommune kalla Apuania. I 1945 vart kommunane løyst frå kvarandre igjen.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Carrara» frå Wikipedia på engelsk, den 9. januar 2008.