Lucca

kommune i Italia

Lucca er ein by i Italia ved elva Serchio. Han er hovudstad i provinsen Lucca i regionen Toscana og har om lag 80 000 innbyggjarar.

Lucca
Flagget til Lucca
Flagget til Lucca


Plassering
Lucca is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Toscana
Lucca
Borgarmeister Mauro Favilla
Geografi
Flatevidd
 - By

185 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

79 783
  445/km²
Koordinatar 43°51′″N 10°30′″EKoordinatar: 43°51′″N 10°30′″E
Høgd over havet 19 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 55110
Telefon-retningsnummer 0583
Nettstad: www.comune.lucca.it

Byen er mellom anna kjend for dei intakte bymurane frå renessansen.

Historie endre

Antikken og mellomalderen endre

 
Haust i Lucca

Lucca vart grunnlagd av etruskarar og vart ein romersk koloni i 180 fvt. Det historiske senteret har bevart den romerske gateplanen og Piazza San Michele ligg der det gamle forumet låg. Det er òg spor etter eit amfiteater ved Piazza dell'Anfiteatro.

Frediano, ein irsk munk, var biskop av Lucca tidleg på 400-talet. Lucca vart plyndra av Odoacer, den første germanske kongen i Italia. Lucca var ein viktig by og hadde festningsverk alt på 500-taletNarses omleira han i fleire månader i 553. Under langobardane vart han sete i eit hertugdøme som prega sine eigne myntar. Det heilage andletet i Lucca (eller Volto Santo), vart visstnok skore ut av Nicodemus, som kom her i 742. Byen vart velståande med handel av silke på 1000-talet og var ein rival til silkehandelen i Austromarriket. På 900- og 1000-talet var Lucca hovudstad i eit føydalt markgrevskap i Toscana og var meir eller mindre sjølvstendig frå Det tysk-romerske riket, som det formelt var ein del av.

Etter at Matilda av Toscana døydde erklærte byen seg sjølvstendig og fekk stadfesta dette i 1160. I nesten 500 år var Lucca ein sjølvstendig republikk. Dante sin Den guddomlege komedien har mange referansar til dei mektige føydalfamiliane som styrte Lucca og Dante var òg delvis i eksil her.

I 1273 og igjen i 1277 vart Lucca styrt av guelfaren Luchetto Gattilusio. I 1314 gjorde interne stridar at Uguccione della Faggiuola av Pisa kunne ta over styret av Lucca. Han vart kasta ut to år seinare og byen vart gjeve til ein annan condottiere, Castruccio Castracani, som gjorde Lucca til ein av dei førande statane i Sentral-Italia. Lucca var rivalar til Firenze fram til han døydde i 1328. 22. og 23. september 1325 slo Castracani guelfarane i Firenze under slaget ved Altopascio. For dette vart han nominert av Ludvig IV av Bayern til å verte hertug av Lucca. Grava til Castracani er i dag i kyrkja San Francesco. Biografen hans er Machiavelli si tredje kjende bok om politisk styre.

I 1408 var Lucca vertskap for ei forsamling som skulle ende skisma i pavedømet. Han vart okkupert av troppane til Ludvig av Bayern og byen vart seld til den rike genuesarane Gherardino Spinola, og så erobra av kong Johan av Böhmen. Han vart seld som pant til familien Rossi i Parma og så gjeve vidare av dei til Martino della Scala i Verona. Dei selde han igjen vidare til Firenze, som overgav han til Pisa før han formelt vart frigjoert av keisar Karl IV og styrt av statthaldaren hans. Lucca klarte å halde sjølvstyret sitt ved sida av Republikken Venezia og Republikken Genova, først som eit demokrati og etter 1628 som eit oligarki. Orda Libertas var måla på banneret deira fram til den franske revolusjonen i 1789.[1].

Republikken Lucca endre

 
Palazzo Pfanner, utsyn over hagen.

Lucca var den nest største italienske bystaten (etter Venezia) og var sjølvstendig i fleire hundreår. I 1805 vart Lucca erobra av Napoleon, som sette inn søstera si, Elisa Bonaparte Baciocchi som «Dronning av Etruria». Denne hendinga vert nemnd i Leo Tolstoj sin Krig og Fred. Etter 1815 kom han til Bourbon-Parma som hertugdømet Lucca, og vart så ein del av Toscana i 1847 og til slutt ein del av Kongedømet Italia.

Kjende personar frå Lucca endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lucca

Kjelder endre

  1. Encyclopaedia Britannica 1911)