Cartagena i Colombia
- For byen med same namn i Europa, sjå Cartagena i Spania.
Cartagena, òg kjent som Cartagena de Indias, er ein stor hamneby ved den karibiske kysten nord i Colombia. Han er administrativ huvudstad for departementet Bolívar.
Cartagena de Indias | ||
---|---|---|
Bocagrande i Cartagena. Foto: FreddySampayo
| ||
| ||
Styresmakter | ||
Land | Colombia | |
Grunnlagd | 1. juni 1533 | |
Alcalde | William Dau Chamat (2020-2023) | |
Geografi | ||
Flatevidd | 572 km² | |
Flatevidd - By |
572 km² | |
Innbyggjarar - By (2006) |
895 400 | |
Koordinatar | 10°24′N 75°30′W / 10.400°N 75.500°W | |
Høgd over havet | 2 m | |
Tidssone | EST (UTC-5) (UTC) | |
Diverse anna | ||
Postnummer | 130000 | |
Telefon-retningsnummer | 57 + 5 | |
Heimeside: http://www.cartagena.gov.co/ | ||
Nettstad: www.cartagena.gov.co | ||
Plassering | ||
Cartagena møter Det karibiske havet i vest. I sør ligg Cartagena-bukta (Bahia de Cartagena) med dei to innfartsleiene Bocachica i sør og Bocagrande i nord.
UNESCO klassifiserte hamna, festningane og monumenta i gamle Cartagena som Colombias første verdsarv frå 1984.
Historie
endreByen blei skipa i 1533 av Pedro de Heredia og fekk namn etter Cartagena i Spania. Under den spanske koloniseringa var byen eit viktig sentrum for nye busettingar i Amerika og er jamvel i dag eit økonomisk knutepunkt som trekk til seg mykje turisme.
På 1500- og 1600-talet var Cartagena ein del av den spanske interessesfæren, ei av de viktigaste hamna for spansk skatteinnkreving og dermed òg eit huvudmål for brittiske og franske piratar og kaperar. Til dømes plyndra Francis Drake byen i 1580.
Ein finn framleis mange av dei gamle slotta i Cartagena: San Felipe de Barajas-slottet, bygd mellom 1536 og 1657; muren omkring den gamle byen, las Murallas; undervassmuren langs Bocagrande bygd mellom 1771 og 1778, og dei to forta San Jose og San Fernando, begge bygde mellom 1751 og 1759 ved Bocachica.
Det finst mange koloniale bygningar i den gamla bydelen, blant anna inkvisitasjonspalasset, ein katedral, nonneklosteret Santa Clara (i dag eit hotell) og ein jesuitskole.
Storbyområdet
endreCartagena by hadde 876 334 innbyggjarar i år 2008, totalt 923 219 om ein tel med heile kommunen på 570 km².[1]
Byregionen Cartagena, Área Metropolitana de Cartagena, består av fem kommunar med totalt 1 026 889 innbyggjarar i år 2008 på ein areal av 1 361 km².[1] Utenom Cartagena inngår kommunane Clemencia, Santa Catalina, Turbaco og Turbaná i området.
Staden idag
endreSør for Murallas og på halvøya Bocagrande ligg den nye byen. Det er ein av Colombias størsta hamner og endepunktet på ein lang oljeleidning. Nord for byen ligg Rafael Núñez internasjonale lufthamn. Cartagena huser òg Colombias størsta karibiske marinebase, med namnet A.R.C Bolívar.
Omkring 30 km søraust for Cartagena ligg Islas de Rosario, eit verna område med eit vattenland med trente delfinar og mange tropiska fiskar og haiar.
Klimaet i Cartagena varierer særs lite gjennom årstidene. Høgste døgnmiddeltemperatur i løpet av eit år er 31 °C og lågste er 24 °C. Cartagena har òg 90 % luftfukt og har ein regnperiode som normalt tar til i oktober. Totalt fell det cirka 1 000 mm regn i Cartagena gjennom eit år.
Cartagena på film
endreDelar av filmen Kampen om den grøne diamanten (Romancing the Stone) frå 1984, i regi av Robert Zemeckis, utspelar seg i Cartagena.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cartagena, Colombia» frå Wikipedia på svensk, den 18. mars 2015
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Departamento Administrativo Nacional de Estadística. Proyecciones de población municipales por área, 2005-2009, a junio 30. (rekneark), arkivert frå originalen 11. september 2008, henta 11. september 2008