Castell (katalansk for «tårn»; uttale: [kəsˈteʎ]) er eit tårn av menneske som ein bygger under ulike feiringar i Catalonia, Valencia-regionen, Balearane og Roussillon. Tradisjonen oppstod under Ball dels Valencians-arrangementa i Valls, nær byen Tarragona, i Catalonia, og er fyrst dokumentert i 1712.[1] På 1700-talet spreidde han seg til nærliggjande landsbyar og byar, og på midten av 1900-talet blei skikken populær i resten av Catalonia og områda rundt.[2] 16. november 2010 blei els castells («tårna») ført opp på UNESCO si liste over meisterverk i munnleg og immateriell kulturarv.[3]

Castell i Vilafranca del Penedès.

I eit castell medverkar ei høvesvis stor gruppe menn og kvinner i alle aldrar og med ulike fysiske eigenskapar. Dei trenar som regel heile året for å delta i tevlingar og oppvisingar. I basen (la pinya) til kvart castell deltek dessutan vener, familiemedlemmar, tilhengjarar og spontane tilskodarar som samlar seg i colla de castellers. Ein person som deltek i bygginga av eit castell blir kallar for casteller. Mens tårnet blir reist og teke ned, blir det spelt musikk som reflekterer utviklinga av tårnet. Musikkstykket blir kalla Toc de Castells, og blir spelt av fløyter og timbales.

Kjelder endre

  1. «Close-Up: Catalonia's human towers», BBC News, 14. november 2010.
  2. «Los 'castells', Patrimonio de la Humanidad», El País, 16. november 2010.
  3. Castells hos UNESCO

Bakgrunnsstoff endre