For mjølkeproduktet fløyte, sjå kremfløyte

Fløyter er blåseinstrument laga av røyr med eitt eller fleire hòl i. Ein skapar lyd ved å blåsa luft mot ein kant av fløyta. Fløyter blir brukte som musikkinstrument, men òg til andre føremål, som å varsla eller gje ordrar med.

Fløytespelar frå mellomalderen. Detalj av ein av freskane i underkyrkja i Basilica di San Francesco d'Assisi i Assisi i Italia, laga av Simone Martini.
Pikkolofløyte.

Nesten kvar ein kultur har sin eigen fløytetype, som regel fleire. Fløyter er enkle å laga, alt ein treng er eit røyr som ein så kan blåsa mot, som når ein bles på ei flaske. Men blant dei mange ulike fløytetypane i verda finst mange svært kompliserte typar, til dømes den vestlege tverrfløyta av metall, med ei rekke hòl og klaffar. Dei fleste fløyter blir spelte med munnen, men i nokre kulturar finst òg nasefløyter.

Historie

endre

Det eldste musikkinstrumentet ein har funne var ei fløyte laga av mammutbein i dei tyske Alpane. Denne er mellom 30 000 og 37 000 år gammal.

Kjelder

endre