Castellón de la Plana

Castellón de la Plana (valenciansk Castelló de la Plana) er provinshovudstaden i Castellón i regionen Valencia i Spania aust på Den iberiske halvøyaCosta del Azahar ved Middelhavet. Byen har opp under 180 000 innbyggjarar.

Castellón de la Plana
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Spania
Region Valencia
Provins Castellón
Høgd 30 m
Areal 111,33 km²
Folketal 180 379 (2024)
Grunnlagd 1251
Kart
Castellón de la Plana
39°59′10″N 0°02′15″W / 39.985980555556°N 0.037438888888889°W / 39.985980555556; -0.037438888888889
Wikimedia Commons: Castellón de la Plana

Historie

endre
 
El Fadrí (bygd i 1440).

Den første kjende bygningen i området var den mauriske borga Fadrell, nær Alquerías de La Plana. Byen vart offisielt grunnlagt i 1251 etter at det mauriske kongedømet Valencia vart erobra av kong Jakob I av Aragon i 1223. Jakob gav kongeleg løyve til å flytte byen frå fjella til sletta nedanfor den 8. september 1251, og segna fortel at flyttinga var ferdig den tredje søndagen i faste i 1252. I mellomalderen var byen verna av vollgraver, murar og tårn, og det vart bygd ei kyrkje. Seinare kom det ein katedral. På 1600-talet var byen ein av dei siste skansane i Revolta de les Germanies (dei lokale lauga). Han støtta erkehertug Karl av Austerrike i den spanske arvefølgjekrigen (1701–1714), men vart seinare erobra av troppane til Filip d'Anjou.

På 1800-talet vart bymurane riven ned og byen utvida seg sakte, ein prosess avbroten av den spanske sjølvstendekrigen mot Napoleon (1804–1814) og karlistkrigane (1833–1863). I 1833 vart Castellón hovudstad i ein ny provins. På andre halvdel av 1800-talet vokste byen igjen, særleg etter at jernbanen kom og hamna vart utvida.

I 1991 vart Jaume I universitet oppretta. Den lokale økonomien er i dag basert på industri og handverk.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Castellón de la Plana