Karl VI av Det tysk-romerske riket

Karl VI (1. oktober 168520. oktober 1740) var keisar av Det tysk-romerske riket frå 1711 til han døydde i 1740. Han var han den andre sonen til Leopold 1., og veslebror til Josef 1., som han etterfølgde.

Karl VI av Det tysk-romerske riket

Konge av Tyskland og tysk-romersk keisar
Regjeringstid1711-1740
Fødd1. oktober 1685
FødestadWien
Død20. oktober 1740
DødsstadWien
GravstadKapusinarkrypta
FøregangarJosef I
EtterfølgjarKarl VII
Gift medElisabeth Christine von Braunschweig-Wolfenbüttel
DynastiHabsburg
FarLeopold I av Det tysk-romerske riket
MorEleonore Magdalene von der Pfalz
BornMaria Teresia av Austerrike, Archduchess Maria Anna of Austria, Archduchess Maria Amalia of Austria, Archduke Leopold Johann of Austria
Karl VI måla av Johann Gotfried Auerbach på 1730-talet.

Karl streva alt i 1700 etter den spanske trona i den spanske arvefølgjekrigen, men med freden i Rastatt 1714 måtte han oppgje det. Han gifta seg med Elisabeth Kristine av Braunschweig-Wolfenbüttel, som hen fekk to born med, Maria Teresia i 1717 og Maria Anna i 1718. Han arbeidde for å få dottera Maria Teresia anerkjend som etterfølgjaren sin i dei austerrikske landa, noko han lukkast med den pragmatiske sanksjon i 1713. Då Karl døydde i 1740 utløyste dette den austerrikske arvefølgjekrigen, som plaga etterfylgjaren hans, Maria Teresia, i åtte år.

Karl VI var den siste av den habsburgske mannslinja.