Castle Hill i Cambridge

Castle Hill er ein ås i Cambridge i England, nær Castle. Hovudkvarteret til Cambridgeshire grevskapsråd ligg like ved Castle Hill.

Castle Mound, alt som er att av Cambridge Castle på Castle Hill.

Det låg tidlegare ein busetnad på åsen, nord for River Cam.[1] Det er funne spor etter aktivitet frå tida før Romarriket, medan romarane grunnla byen Duroliponte her. Det var ein høvande plass å krysse elva på. På denne tida var det så langt opp elva det var mogeleg å kome. St Peter's Church, som ligg halvvegs opp i åsen, har nokre bitar av romersk teglstein i murane.

I angelsaksartida vart åsen nytta som forsvar. I 1068 bygde normannarane Cambridge Castle på åsen. Slottet finst ikkje lenger, berre ruinane Castle Mound.

Kjelder endre

52°12′46″N 0°06′46″E / 52.2128°N 0.1128°E / 52.2128; 0.1128