Cathrine Dietrichson
Anne Cathrine «Trine» Dietrichson (2. januar 1850–20. oktober 1938) var ein norsk slektsforskar og forfattar.
Cathrine Dietrichson | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. januar 1850 Skogn |
Død |
20. oktober 1938 (88 år) |
Yrke | genealog, skribent |
Familie
endreCathrine Dietrichson var dotter av distriktslege og overlege Peter Wilhelm Krejdahl Dietrichson (1817-1895) og Canutta Pauline Ditlevine Due (1820-1896), syster av arkitekten Paul Due. Sjølv var ho syster av den oppdagingsreisande offiseren Oluf Dietrichson (1856-1942). I 1888 deltok Oluf på Fridtjof Nansen sin skiekspedisjon over Grønland.[1]
Liv og virke
endreCathrine Dietrichson arva den utbreidde slektsinteressa i familien, og i 1923 vidareførte og ajourførte ho løytnant David Dietrichson sitt arbeid frå 1882 gjennom utgjevinga av Stamtavle over slekta Dietrichson med de kognatiske descendenter. Det genealogiske arbeidet heldt fram med utgjevinga av Stamtavle over den norske Bøckmanslekt 1629-1929 i 1929.
I familien fekk ho tilnamnet «alle Dietrichsoners tante Trine». I 1924 oppretta ho legatet Tante Trines Legat for Dietrichson-slekten.
Bibliografi
endre- 1923: Stamtavle over slekten Dietrichson med de kognatiske descendenter – utarbeidet av David Dietrichson i 1882 og videreført av Cathrine Dietrichson i 1923
- 1929: Stamtavle over den norske Bøckmanslekt 1629-1929 – av Cathrine Dietrichson m. fl., i nytt opplag 1974
Kjelder
endre- ↑ «Skogn historie. 10 1 : Midt-Skogn Gårds- og slektshistorie for gnr 19-31», www.nb.no, ISBN 8299020328, henta 13. november 2021
- Denne artikkelen bygger på «Cathrine Dietrichson» frå Wikipedia på bokmål, den 13. november 2021.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Dette skrev kvinner. Skolen. 1984. s. 59. ISBN 8257900109.
- Krohn-Holm, Jan W. (1974). Slekten Dietrichson 1724-1974. Eksp.: Per Dietrichson, Hubrovn 9, 1340 Bekkestua. ISBN 8299033004.