Opna hovudmenyen

Cathrine Fabricius-Hansen (fødd 18. desember 1942) er ein danskfødd norsk germanist. Ho var professor i germanistikk ved Universitetet i Oslo, opphavleg ved dåverande Germanistisk institutt, seinare ved det sammenslåtte Institutt for litteratur, områdestudiar og europeiske språk.[1]

Cathrine Fabricius Hansen
Fødd18. desember 1942
Holstebro
NasjonalitetNoreg
Yrkespråkforskar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Deutsche Akademie für Sprache und Dichtung

Fabricius-Hansen vart mag. art. i allmenn språkvitskap i København i 1969 og arbeidet som amanuensis og stipendiat ved Institut for Germansk Filologi ved Københavns universitet 1969-1975. I 1975 vart ho tilsett ved Germanistisk institutt ved Universitetet i Oslo, frå 1986 som professor. Ho vart dr. phil. i 1987.[1]

Ho har blant anna vore instituttstyrer ved Germanistisk institutt, prodekan ved Det historisk-filosofiske fakultetet, medlem av Det akademiske kollegiet, og er dessutan medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og Det Kongelege Norske Videnskabers Selskab. Ho har vidare ei rekkje andre nasjonale og internasjonale verv.[1]

Fabricius-Hansen fekk Københavns universitets gullmedalje i 1966. I 2000 fekk ho den norske Fridtjof Nansens belønning for framragande forsking, i 2002 fekk ho den tyske Jacob og Wilhelm Grimm-prisen og i 2003 fekk ho Konrad Duden-prisen.[2]

Ho er mellom anna involvert i arbeidet med å revidera det fjerde bandet av Dudens tyske grammatikk.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 uio.no:Cathrine Fabricius Hansen
  2. Duden.de: Cathrine Fabricius Hansen