Holstebro
Holstebro er ein by på Jylland i Danmark med 36 805 ibuarar (2021). Byen er administrasjonssenter i Holstebro kommune.
Holstebro | |||
by | |||
Land | Danmark | ||
---|---|---|---|
Folketal | 37 220 (1. januar 2024) | ||
Holstebro 56°21′29″N 8°37′03″E / 56.358055555556°N 8.6175°E | |||
Wikimedia Commons: Holstebro |
Holstebro er i særleg grad eit handelssenter og trafikknutepunkt på Vestjylland. Næringslivet elles omfattar ulike industrigreiner, så som slakteri, trevare-, maskin-, tekstil- og plastindustri. Fleire høgskular og spesialskular held til i Holstebro, som òg har sjukehus og er ein garnisonsby.
Byen oppstod som ein vadestad over elva Storå, kjøpstaden er nemnd fyrste gongen i 1274. I mellomalderen fanst her ein stor husdyrmarknad. Industrialiseringa skaut fart etter midten av 1800-talet.
Kjelder
endre- Holstebro i Store norske leksikon