Cato den eldre

romersk skribent og politikar

Marcus Porcius Cato (234 f.Kr.-149 f.Kr.) var ein romersk statsmann, ofte kalla «Censoren», Sapiens, Priscus, eller «Den eldre» for å skilje han frå Cato «Den yngre», som var oldebarnet hans.

Cato den eldre

Fødenamn Marcus Porcius Cato (latin M·PORCIVS·M·F·CATO)
Statsborgarskap Romarriket
Fødd 234 f.Kr.
Tusculum
Død

149 f.Kr.
Roma

Yrke skribent, Ancient Roman historian, samfunnsøkonom, lyrikar, romersk oldtidspolitikar, filosof, orator, historikar, soldat
Språk latin
Politisk parti optimatene
Religion romersk religion
Far ukjend verdi
Mor ukjend verdi
Ektefelle Licinia, Salonia
Cato den eldre på Commons

Han var av ein gamal plebeiarfamilie, som var kjend for nokre militære embete, men ikkje kjend for høgare embete i republikken. Han blei oppdregen i tråd med sine latinske forfedrar, til landbruket, som han vigde tida si til, når han ikkje var i militæret. Men etter å ha lagt merke av Lucius Valerius Flaccus, blei han henta til Roma, der han kom til å ha alle embeta i Cursus Honorum: Tribun i 214 f.Kr., kvestor i 204 f.Kr., aedil i 199 f.Kr., pretor i 198 f.Kr., konsul i 195 f.Kr. saman med sin gamle patron Lucius Valerius Flaccus, og til slutt sensor i 184 f.Kr.

Cato den eldre er kjend for å ha avslutta sine talar i senatet med den berømte setninga Ceterum censeo Carthaginem esse delendam, som betyr «Dessutan meiner eg at Karthago bør øydeleggast».

Skriftlege verk

endre
  • Origines
  • De agri cultura
  • Orationes
  • De re militari
  • De lege ad pontifices auguresque spectanti
  • Praecepta ad filium
  • Historia Romana litteris magnis conscripta
  • Carmen de moribus
  • Apophthegmata

Bibliografi

endre
  • Astin, A. E. (1978), Cato the Censor, Oxford: Clarendon Press
  • Dalby, Andrew (1998), Cato: On Farming, Totnes: Prospect Books, ISBN 0-907325-80-7
  • Goujard, R. (1975), Caton: De l'agriculture, Paris: Les Belles Lettres