Ceann Iar (gælisk for «Vestneset») er ei øy i Monach Isles/Heisgeir, vest for North Uist i Ytre Hebridane i Skottland. Øya er langstrekt, om lag to kilometer lang.

Ceann Iar
Geografi
Ceann Iar is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°31′N 7°39′W / 57.52°N 7.65°W / 57.52; -7.65
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 1,54 km²

Høgaste punkt Cnoc Bharr (19 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Geografi endre

 
Cnoc Bhàrr er det høgaste punktet på Monach Islands, berre 19 meter over havet. Ein kan sjå Siolaigh/Shillay i bakgrunnen

Ceann Iar er den nest største øya i Monach Islands og er landfast til Ceann Ear via Sibhinis. Det vert sagt at det var mogeleg å gå heile vegen til Baleshare og til North Uist, 8 km, ved lågvatn. På 1500-talet skal ei stor tidvassbølgje ha vaska denne vegen bort.[1] Trass i namnet Ceann Iar er Shillay den vestlegaste øya i gruppa.

Som dei andre øyane i gruppa er ho lågtliggande, sandete, forblåst og utsett for kraftig kysterosjon. Det er mogeleg at Ceann Iar, Sibhinis og Ceann Ear ein gong var ei enkelt øy og at dei har erodert så mykje at dei har delt seg. På austsida ligg Baile Beag, som var busetnaden på øya. Her ligg òg Cnoc Bhàrr på 19 meter over havet.

 
Ruinar på Ceann Iar

Historie endre

Øya har hatt sporadisk busetnad gjennom dei siste tusen åra, men hovudbusetnaden var på Ceann Ear. Ho vart busett på ny etter Highland clearances, men endeleg fråreist i 1942.

Kjelder endre

  1. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.