Opna hovudmenyen

Ceauru er namnet på ein kunstig innsjø i Romania som aldri vart bygd. Arbeidet starta i 1965 av det kommunistiske styret og innsjøen skulle få vatn frå fire elvar. Prosjektet vart rapportert ferdigstilt, men berre den innleiande byggefasen vart gjennomført. Tre milliardar lei vart avsett og brukt på innsjøen, som visstnok skulle dekke om lag 200 km², ha ein kapasitet på 150 millionar , og ligge sørvest for Târgu Jiu i Gorj fylke. Ceauru var framleis teikna inn på kart i 2007.

Innhaldsliste

HistorieEndra

I 1965 starta styresmaktene i Romania arbeidet med å lage den menneskeskapte innsjøen Ceauru, ved hjelp av ei demning. Elvane Jiu, Tismana, Bistriţa og Jaleş skulle fylle opp innsjøen. Dei tre sistnemnde elvane fekk endra elvefaret sitt for at dei skulle nå innsjøen. Over 2500 innbyggjarar måtte flytte frå dalen der innsjøen skulle ligge og husa deira vart øydelagd. I 1968 vart innsjøen rapportert ferdig for Nicolae Ceauşescu og byrja å dukke opp på kart.

Berre den første fasen av prosjektet vart derimot gjort ferdig. Eit dike vart bygd rundt den planlagte innsjøen. Fase to var å byggje sjølve demninga. Innsjøen skulle ha to funksjonar, ta imot flaumvatn når det var trong for det og verne gruvene i området, samt gje vatn til ein kraftstasjon som var under bygging lenger nede i dalen.

Det mislukka prosjektet vart oppdaga då ein person frå det rumenske kommunistpartiet vitja staden. Alle leiarane i byggeprosjektet vart arrestert og direktøren, kalla Dăncescu, vart dømd til døden. Etter kvart endra Ceauşescu dommen til 20 år i fengsel og sende han for å arbeide på Donau-Svartehav-kanalen, der han døydde.

Seinare vart det bygd ein innsjø lenger nede i elva for å gje vatn til kraftverket der, men i tørkeperiodar går denne innsjøen tom for vatn.

I dagEndra

I dag har det vokse skog i området der innsjøen ville ha vore, og på fleire kart er innsjøen framleis teikna inn.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra