Cecilia av Sverige

svensk komponist

Cecilia av Sverige (fødd 22. juni 1807 på Stockholms slott, daud 27. januar 1844 i Oldenburg) var ei svensk prinsesse og komponist. Ho var den yngste dottera til kong Gustav IV Adolf og dronning Fredrika.

Cecilia av Sverige
Cäcilie von Schweden Großherzogin von Oldenburg by Theodor Hamacher.jpg
Storhertuginne Cecilia av Oldenburg, fødd prinsessa av Sverige. Måleri av Theodor Hamacher.
Fødd22. juni 1807
Stockholm
Død27. januar 1844
Byen Oldenburg
Alle titlarhertuginne, prinsesse
Hus eller slektHolstein-Gottorp
GravstadByen Oldenburg
LandSverige
MorFrederike av Baden
FarGustav IV Adolf av Sverige
EktefelleAugust I.
BarnNikolaus Friedrich August von Holstein-Gottorp, Herzog von Oldenburg, Alexander Friedrich Gustav von Holstein-Gottorp, Herzog von Oldenburg, Elimar, hertug av Oldenborg

LivEndra

Cecilia blei nøydd til å forlata Sverige saman med familien etter at faren blei avsett 13. mars 1809. Ho var med mora og søskena sine på Haga til dei fekk vera med faren på Gripsholm i juni. Foreldra og bror hennar drog til Karlskrona den 6. desember, og Cecilia og systera følgde etter den 11. 24. desember forlét heile familien Sverige.

Cecilia voks opp hjå familien til mora i Bruchsal i Baden. Etter at mora døydde i 1826 busette ho seg med broren og systera Amalia i Wien. Ho gifta seg 5. mai 1831 i Wien med storhertug August av Oldenburg. Ho hadde møtt August 1830, og dei var blitt einige om å gifta seg i løpet av ein time. Cecilia blir skildra som roleg, verdig og vemodig, og interessert i vitskap og kunst. Ho var òg musikalsk og komponerte eigne verk, mellom anna komposisjon, hymnen Heil dir, o Oldenburg!. Ho finansierte det første teateret i byen Oldenburg i 1833.

Ekteskapet hennar blei omtalt som lykkeleg, men ho skal aldri ha lukkast i å gjera seg populær blant allmugen. Cecilia døydde nokre dagar etter at ho fødde sonen Elimar, og blei gravlagd i gravkoret til storhertugfamilien i Eutin i Oldenburg. Leivningane hennar blei flytte til det storhertuglige mausoleet på Sankt Gertruds kyrkjegard i Oldenburg sidan det blei ferdigstilt i 1899.

Ein skule, Ceciliaskolan (gunnlagd i 1867), ein plass, ei bru og ei gate er oppkalla etter ho.

BarnEndra

  • Alexander Friedrich Gustav (16. juni 1834–6. juni 1835)
  • Nikolaus Friedrich August (15. februar 1836–30. april 1837)
  • Elimar av Oldenburg (23. januar 1844–17. oktober 1895)

KjelderEndra