Cecilie Fiskerstrand
Cecilie Hauståker Fiskerstrand (fødd 20. mars 1996) er ein norsk fotballspelar som er keeper for LSK Kvinner og det norske landslaget.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 20. mars 1996 | ||
Fødestad | Lørenskog | ||
Posisjon | Keeper | ||
Ungdomsklubbar | |||
Langevåg | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2014 | Fortuna Ålesund | 10 | (0) |
2014–2015 | Stabæk | 3 | (0) |
2016–2019 | LSK Kvinner | 63 | (0) |
2020–2021 | Brighton | 7 | (0) |
2021– | LSK Kvinner | 17 | (0) |
Landslag | |||
2011 | Noreg J15 | 2 | (0) |
2011–2012 | Noreg J16 | 5 | (4) |
2013 | Noreg J17 | 1 | (0) |
2013–2015 | Noreg J19 | 11 | (0) |
2015 | Noreg U23 | 1 | (0) |
2014– | Noreg | 44 | (0) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. november 2022 ‡ Landslagsmål oppdatert 17. november 2022 |
På ei trening 11. mai 2022 rauk Fiskerstrand korsbandet, noko som førte til at ho var ute resten av 2022-sesongen og mista EM i England sommaren 2022.[1][2]
Karriere
endreFiskerstrand byrja sin karriere i Langevåg. Der spela ho og trena med gutar for best mogleg matching. Ho trente etterkvart med herrelaget til Langevåg og spela kampar med gutar på aldersbestemt nivå.[3]
Før 2014-sesongen gjekk Fiskerstrand til 1. divisjonsklubben Fortuna Ålesund. Ho hadde trena jamlig med klubben over fleire år før ho signerte for dei.[4] Etter eit halvt år i Fortuna gjekk hun til Stabæk i Toppserien.
Etter å ha vore andrekeeper i Stabæk, bak landslagskeeper Ingrid Hjelmseth, valde Fiskerstrand å ikkje signere ny kontrakt med klubben då den gjekk ut i 2015. Ho gjekk deretter til LSK Kvinner før 2016-sesongen.[5]
Også i LSK Kvinner vart Fiskerstrand andrekeeper i sin fyrste sesong, før ho i 2017 vart satsa på som førstekeeper. Ho var med å vinne Toppserien med LSK fire år på rad frå 2016 til 2019.
I januar 2020 vart det kjent at Fiskerstrand hadde signert for Brighton i den engelske toppdivisjonen.[6]
Etter å ha fått lite speletid i Brighton vende Fiskerstrand heim til Noreg og LSK Kvinner i juni 2021.[7]
Landslagskarriere
endreFiskerstrand har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.
Fiskerstrand vart teken ut til det norske A-landslaget for fyrste gong som 17-åring til samlinga i januar 2014.[8] Debuten kom 17. januar 2014 mot England i ein kamp som enda 1–1 i La Manga i Spania. Som den yngste spelaren på laget vart ho teken ut i troppen til VM i Canada 2015.[9]
Kjelder
endre- ↑ «Cecilie Fiskerstrand ute resten av sesongen med korsbåndskade». LSK Kvinner (på norsk bokmål). 12. mai 2022. Henta 13. mai 2022.
- ↑ NRK (12. mai 2022). «Fiskerstrand røk korsbåndet - EM-ryker». NRK (på norsk bokmål). Henta 13. mai 2022.
- ↑ Roaldseth, Sara Lovise (27. desember 2013). «17-åring på kvinnelandslaget». NRK (på norsk bokmål). Henta 11. februar 2022.
- ↑ «Fra landslaget til Fortuna». www.aftenbladet.no (på norsk bokmål). Henta 11. februar 2022.
- ↑ Fløttum, Petter (23. november 2015). «Cecilie Fiskerstrand går til Lillestrøm – Stabæk henter tilbake Guro Pettersen». www.budstikka.no (på norsk). Henta 11. februar 2022.[daud lenkje]
- ↑ AS, TV 2 (3. januar 2020). «Norsk landslagskeeper bekreftet klar for Brighton». TV 2 (på norsk). Henta 11. februar 2022.
- ↑ NTB (18. juni 2021). «Landslagsmålvakt Fiskerstrand tilbake til LSK». Nettavisen (på norsk). Henta 11. februar 2022.
- ↑ Roaldseth, Sara Lovise (27. desember 2013). «17-åring på kvinnelandslaget». NRK (på norsk bokmål). Henta 11. februar 2022.
- ↑ «Gulbrandsen med i VM-troppen». Dagsavisen (på norsk). Henta 11. februar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Cecilie Fiskerstrand» frå Wikipedia på bokmål, den 17. november 2022.