Ingrid Hjelmseth

norsk fotballspelar

Ingrid Hjelmseth (fødd 10. april 1980) er ein norsk fotballspelar frå Skjetten i Akershus. Målvakta har pr 31.7.2017 spelt 115 landskampar for Noreg. Hjelmseth spelte EM-finalen 2013 mot Tyskland, der det vart norsk tap med 0-1.

Ingrid Hjelmseth

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. april 1980 (44 år)
Lørenskog
Yrke fotballspelar
Høgd 173 centimeter
Ingrid Hjelmseth på Commons

Hjelmseth spelte på heimlege Skjetten SK til 1999. Same året melde ho seg inn i Trondheims/Ørn og vakta målet til trønderklubben fram til 2006. Frå 2007 har ho vore aktiv i Asker Skiklubb og etterfylgjaren Stabæk IF. Frå 1998 til 2013 var ho med å vinne til saman seks NM-pokalar og fem seriegull.

Hjelmseth fekk sin landslagdebut i 2003, men ettersom Bente Nordby lenge hadde burt på landslagsplassen vart det få landskampar på henne før 2009-sesongen. I 2005 var ho med i troppa då Noreg tapte EM-finalen mot Tyskland, heile meisterskapen såg ho frå reservebenken. Sidan var ho norsk fyrstemålvakt under Fotball-EM 2009, 2013 og 2017, samt under Fotball-VM 2015. Hjelmseth vakta målet då Noreg i EM-finalen 2013 mislukkast i å skåre på to straffespark, og i staden tapte 0-1 mot Tyskland.

Merittar endre

  • EM-sølv: 2005 og 2013
  • EM-semifinalist: 2009
  • Noregsmeister (6): 1999, 2001, 2002 med Trondheims/Ørn, og 2011, 2012, 2013 med Stabæk IF
  • Seriemeister (5): 2000, 2001, 2003 med Trondheims/Ørn, og 2010, 2013 med Stabæk IF

Kjelder endre