Celin Bizet Ildhusøy
Celin Bizet Ildhusøy (fødd 24. oktober 2001) er ein norsk fotballspelar frå Frogner i Viken, som spelar for Tottenham Hotspur og det norske landslaget.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 24. oktober 2001 | ||
Fødestad | Frogner i Lillestrøm, Sørum kommune | ||
Posisjon | Angrep | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Tottenham Hotspur | ||
Nummer | 14 | ||
Ungdomsklubbar | |||
Frogner Skedsmo | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2016 | Skedsmo | 9 | (7) |
2017–2022- | Vålerenga | 69 | (8) |
2019 | → Grei (lån) | 3 | (2) |
2021–2022 | Paris Saint-Germain | 6 | (0) |
2022- | Tottenham Hotspur | 5 | (0) |
Landslag | |||
2017 | Noreg J16 | 9 | (6) |
2018 | Noreg J17 | 7 | (1) |
2018–2020 | Noreg J19 | 24 | (14) |
2021– | Noreg U23 | 2 | (2) |
2021– | Noreg | 11 | (5) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. november 2022 ‡ Landslagsmål oppdatert 8. november 2022 |
Klubbkarriere
endreTidleg karriere
endreIldhusøy byrja å spele fotball for Frogner Idrettslag, før ho som 14-åring melde overgang til Skedsmo.[1] Ho spela aldersbestemte kampar i klubben, i tillegg til ni kampar for A-laget i 2. divisjon under 2016-sesongen.[2]
Vålerenga (2017–2021)
endreFør 2017-sesongen signerte Ildhusøy for Vålerenga Kvinner. Berre 15 år gammal debuterte ho for Vålerenga i Toppserien.[3] Ho vart raskt ein favoritt blant supportarane med sin leikande spelestil og teknikk.[4] Ho var berre 16 år gammal da ho var på banen i sin fyrste cupfinale for Vålerenga mot Avaldsnes i 2017.[5]
Sommaren 2019 var Ildhusøy på eit kort låneopphald i Grei i 1. divisjon,[6] før ho returnerte til Vålerenga.
I 2020 var Ildhusøy med å vinne det fyrste serie- og cupgullet til Vålerenga. Ho vart nominert til årets gjennombrot i Toppserien same sesong.[7] Blant supportarane til Vålerenga fekk ho kallenamnet «Cubafoten».[3] Etter fire og eit halvt år i Vålerenga var ho sommaren 2021 klår for å ta det neste steget i karrieren.
Paris Saint-Germain (2021–2022)
endreI juli 2021 signerte Ildhusøy for den regjerande franske seriemeisteren Paris Saint-Germain.[8] Ho fekk lite speletid i sin fyrste sesong med berre seks seriekampar for Paris Saint-Germain.
Tottenham Hotspur (2022–)
endreI august 2022 vart det kjent at Ildhusøy hadde signert for Tottenham Hotspur i engelske Women's Super League.[9]
Landslagskarriere
endreIldhusøy har kampar for J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.
Ildhusøy spela i U19 EM i Skottland 2019.[10]
Ildhusøy debuterte for det norske A-landslaget i november 2021 mot Armenia, i same kamp scora ho sitt fyrste A-landslagsmål.[11] Ho hadde eit imponerqnde målsnitt på landslaget med fire scoringar, i løpet av 322 minutter fordelt på sine fem fyrste landskampar.[12] Ho vart teken ut i den norske landslagstroppen til EM i England 2022.[13]
Merittar
endreMed Vålerenga
endrePrivatliv
endreIldhusøy har cubansk mor og faren hennar er tidlegare Molde-spelar Kjell Gunnar Ildhusøy.[14]
Ildhusøy er saman med fotballspelaren Aron Dønnum, og under ein fotballkamp fridde Dønnum til Ildhusøy. Ho sa ja, og paret er no trulova.[15]
Kjelder
endre- ↑ Borgersrud, Aslak (1. august 2020). «– Jeg måtte bare meie hu ned på slutten». Dagsavisen. Henta 19. september 2020.
- ↑ «Celin Bizet Ildhusøy – Kampstatistikk». Norges Fotballforbund. Henta 19. september 2020.
- ↑ 3,0 3,1 Bjørneseth, Espen (28. april 2020). «"Cubafoten", ribs og Shakira». Vålerenga Damefotball (på norsk bokmål). Henta 23. februar 2022.
- ↑ Brodahl, Viljam (21. mai 2021). «(+) Celin (19) om det store idolet: – Var annerledes enn alle de andre». Avisa Oslo (på norsk). Henta 23. februar 2022.
- ↑ Fotballforbund, Norges. «Avaldsnes - Vålerenga - 18.11.2017 16.00». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 23. februar 2022.
- ↑ Dalsegg, Jens August (12. juni 2019). «Ildhusøy og Fløtre i scoringsform for Grei». Vålerenga Damefotball (på norsk bokmål). Henta 23. februar 2022.
- ↑ «Toppseriens prisdryss 2020: De nominerte til årets gjennombrudd». Toppserien (på norsk bokmål). 27. november 2020. Henta 23. februar 2022.
- ↑ Hagen, Mathias (16. juli 2021). «Bizet Ildhusøy klar for Paris Saint-Germain». NRK. Henta 23. februar 2022.
- ↑ «Celin Bizet Ildhusøy arrives from PSG». Tottenham Hotspur (på engelsk). Henta 10. august 2022.
- ↑ Dalsegg, Jens August (18. juni 2019). «Ildhusøy til EM!». Vålerenga Damefotball (på norsk bokmål). Henta 23. februar 2022.
- ↑ Fotballforbund, Norges. «Armenia - Norge - 30.11.2021 14.00». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 23. februar 2022.
- ↑ Murtnes, Sindre (11. april 2022). «Sleit i storklubb – så overraska kometen «alle»». NRK. Henta 8. juni 2022.
- ↑ Fotballforbund, Norges. «Se Norges EM-tropp». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 8. juni 2022.
- ↑ Baardsen, Joachim (31. juli 2018). «VIF-Celin (18) vil bli verdens beste». VG. Henta 19. september 2020.
- ↑ Baardsen, Joachim (31. juli 2018). «Fyrverkerikaos stoppet fotballkamp – så fridde Aron Dønnum på banen». NRK. Henta 8. november 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Celin Bizet Ildhusøy» frå Wikipedia på bokmål, den 8. november 2022.