Cerro Tololo interamerikanske observatorium

30°10′9″S 70°48′21″W / 30.16917°S 70.80583°W / -30.16917; -70.80583

Cerro Tololo interamerikanske observatorium

Opna1962
Kart
Cerro Tololo interamerikanske observatorium
30°10′11″S 70°48′23″W / 30.169661111111°S 70.806525°W / -30.169661111111; -70.806525
Cerro Tololo og Blanco Telescope

Cerro Tololo interamerikanske observatorium (CTIO) er eit astronomisk observatorium liggjande på Cerro Tololo i Atacamaørkenen i det nordlege Chile med tilleggsfasilitetar liggjande på Cerro Pachón ca. 10 km sørvest. Teleskopet ligg i Coquimboregionen og ca. 80 km austom La Serena der støttefasilitetane ligg. Staden vart identifisert av eit lag av forskarar frå Chile og USA i 1959 og vart endeleg vald i 1962.[1][2] Bygginga starta i 1963, og vanlege observasjonar følgde i 1965 .[3] Bygginga av dei store bygningane på Cerro Tololo vart ferdig med fullføringa av Victor M. Blanco Telescope i 1974, men mindre fasilitetar har vorte bygd i ettertid. Cerro Pachón er framleis under utvikling med ytterlegare to teleskop innvigd sidan 2000 og eitt er i tidleg fase av bygginga.

Oppdagingar endre

Oppdaga asteroidar: 5
(87269) 2000 OO67 29. juli 2000
(87555) 2000 QB243 25. august 2000
88611 Teharonhiawako 20. august 2001
(134210) 2005 PQ21 9. august 2005
(139775) 2001 QG298 19. august 2001


Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Moreno, H. (1990). «Chilean Astronomers and the Birth of Cerro Tololo». Revista Mexicana de Astronomia y Astrofisica 21: 683. Bibcode:1990RMxAA..21..683M. 
  2. «CTIO History | CTIO». Cerro Tololo Inter-American Observatory. Arkivert frå originalen 11. januar 2019. Henta 15. juli 2016. 
  3. «OBSERVATORY REPORT: Kitt Peak-Cerro Tololo Inter-American». Astronomical Journal 71: 229. 1966. Bibcode:1966AJ.....71..229.. doi:10.1086/109912. 

Bakgrunnsstoff endre