Very Large Telescope

Very Large Telescope (VLT) er eit samansett optisk teleskop som består av fire teleskop på 8,2 meter plassert i ein formasjon. Teleskopa kan jobbe både sjølvstendig eller samordna. I det siste tilfellet tilsvarar den totale spegeloverflata eit teleskop på 16 meter, noko som gjer VLT til det største optiske teleskopet i verda. I anlegget inngår òg eit interferometer som gjev høve for ekstra høg oppløysing for relativt lyssterke objekt. Det er Det europeiske sørobservatoriet (ESO) som driv VLT.

Dei fire teleskopa til ESO ved Paranal.
Panorama 360° av nattehimmelen over Cerro Paranal. Lysbogen er Mjølkevegen.

VLT ligg ved Paranal-observatoriet på fjellet Cerro Paranal, 2 635 moh. i Atacama i det nordlege Chile. Dei fire inngåande teleskopa er døypte til Antu, Kueyen, Melipal og Yepun etter det chilenske urfolket mapuche sitt ord for høvesvis sola, månen, Sørkrossen og Venus.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre