Chuburegionen

(Omdirigert frå Chūburegionen)

Chuburegionen (中部地方 Chūbu-chihō) er ein japansk region som dekkjer den midtre og breiaste delen av Honshu, hovudøya i Japan. Chuburegionen ligg vest for Kanto og aust for Kansairegionen. Han har kyst mot Japan- og Stillehavet. Fleire fjell, som dei japanske Alpanae og nasjonalfjellet Fuji, ligg her. Den største byen er Nagoya.

Chūbu
中部地方
region
Land  Japan
Areal 72 572,34 km²
Folketal 21 715 822 (1. oktober 2010)
Kart
Chuburegionen
35°53′00″N 137°57′00″E / 35.883333°N 137.95°E / 35.883333; 137.95
Wikimedia Commons: Chūbu region

Ni prefektur ligg i Chubu: Aichi, Fukui, Gifu, Ishikawa, Nagano, Niigata, Shozuoka, Toyama og Yamanashi.

Chubu blir tidvis også delt inn i tre mindre regionar: Hokuriku i nordvest, Kōshin'etsu i nordaust og Tōkai i sør.

«Chūbu-chihō» tyder 'den sentrale regionen'. Den sentrale flyplassen Chubu Centrair internasjonale lufthamn ligg på ei kunstig øy 35 km sør for Nagoya.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Chuburegionen