Kantoregionen (関東地方 Kantō-chihō) er ein tradisjonell japansk region som ligg aust på Honshu, den største av dei japanske øyane. Han omfattar området rundt Tokyo, som er den tettast folkesette delen av Japan. Ifølgje offisielle tal frå oktober 2010 bur det 42 607 376 menneske, rundt ein tredjedel av alle japanarar, her.

Kantoregionen i Japan.
Kart over Kantoregionen.

Kanto omfattar sju prefektur: Gunma, Tochigi, Ibaraki, Saitama, Tokyo, Chiba og Kanagawa. Dei største byane her er Tokyo og Yokohama; andre større byar er Kawasaki, Saitama og Chiba.

GeografiEndra

Kantosletta ligg i regionen og utgjer om lag 40 % av arealet. Resten av området består av ås- og fjellandskap som dannar grenser mot Chubu og Tohoku. Fjella Kantosanchi i vest er utbygde til vasskraftproduksjon.

HistorieEndra

Kanto blei geografisk viktig under Kamakura- og seinare Edo-tida.

Området blei hardt råka av Kanto-jordskjelvet i 1923, som tok over 100 000 liv og la mykje av Tokyo og Yokohama i ruinar.

KjelderEndra