Cha Bum-kun

sørkoreansk fotballspelar
Cha Bum-kun

Cha Bum-kun (fødd 22. mai 1953) er ein sørkoreansk tidlegare fotballspelar frå Hwaseong. Han var angrepsspelaren som vann UEFA-cupen med to ulike vesttyske klubbar; Eintracht Frankfurt i 1980 og Bayer Leverkusen i 1988.

KarriereEndra

KlubbspelEndra

Cha spelte for ulike lag i heimlandet til 1979. Sommaren 1979 fekk han kontrakt med Eintracht Frankfurt. Med Eintracht vann han UEFA-cupen 1980 og han vart vesttysk cupmeister i 1981. I 1983 vart Cha overført til Bayer Leverkusen. Han skåra det tredje målet då laget frå Leverkusen utlikna til samanlagt 3-3 i UEFA-cupfinalen 1988, ein finale som enda med at Bayer Leverkusen etter straffesparktevling vann det aller fyrste trofeet i fotballklubben si historie. Cha la opp i 1989 og flytta til heimlandet.

LandslagsspelEndra

Frå 1972 og til 1986 spelte Cha 135 landskampar på Sør-Korea sitt landslag. Han avslutta med å delta i VM i fotball 1986, der Sør-Korea tok sitt fyrste VM-poeng etter uavgjort 1-1 mot Bulgaria. Cha skåra 58 mål for landslaget.

KjelderEndra