Opna hovudmenyen
Kart over deltakarlanda i fotball-VM 1986
Azteca-stadion i 1986

Verdsmeisterskapen i fotball 1986 vart avvikla i Mexico i tida 31. mai til 29. juni 1986. Argentina vart verdsmeister for andre gong etter finalesiger 3-2 over Vest-Tyskland.

24 land deltok i verdsmeisterskapen. Desse vart delt inn i seks grupper med fire land i kvar. Dei to beste i kvar gruppe, og dei fire beste trearane gjekk vidare til utslagsspel. Argentina, England, Spania, Belgia, Brasil, Frankrike, Vest-Tyskland og vertslandet Mexico vann sine kampar i åttedelsfinalane. Argentina slo England 2-1 i kvartfinalen, medan det i dei andre kvartfinalane måtte straffetevling til før det var klart at Belgia, Frankrike og Vest-Tyskland hadde slått ut høvesvis Spania, Brasil og Mexico.

Begge semifinalane enda 2-0, Argentina vann over Belgia og Vest-Tyskland over Frankrike. Bronsefinalen vart vunnen av Frankrike med 4-2, etter at det stod 2-2 ved ordinær tid.

Argentinaren Diego Maradona vart kåra til beste spelaren i meisterskapen. Gary Lineker frå England vart toppskårar med seks mål.

Innhaldsliste

GruppespeletEndra

Gruppe AEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Argentina 3 2 1 0 6–2 4 5
2   Italia 3 1 2 0 5–4 1 4
3   Bulgaria 3 0 2 1 2–4 −2 2
4   Sør-Korea 3 0 1 2 4–7 −3 1

Gruppe BEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Mexico 3 2 1 0 4–2 2 5
2   Paraguay 3 1 2 0 4–3 1 4
3   Belgia 3 1 1 1 5–5 0 3
4   Irak 3 0 0 3 1–4 −3 0

Gruppe CEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Sovjetunionen 3 2 1 0 9–1 8 5
2   Frankrike 3 2 1 0 5–1 4 5
3   Ungarn 3 1 0 2 2–9 −7 2
4   Canada 3 0 0 3 0–5 −5 0

Gruppe DEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Brasil 3 3 0 0 5–0 5 6
2   Spania 3 2 0 1 5–2 3 4
3   Nord-Irland 3 0 1 2 2–6 −4 1
4   Algerie 3 0 1 2 1–5 −4 1

Gruppe EEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Danmark 3 3 0 0 9–1 8 6
2   Vest-Tyskland 3 1 1 1 3–4 −1 3
3   Uruguay 3 0 2 1 2–7 −5 2
4   Skottland 3 0 1 2 1–3 −2 1

Gruppe FEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Marokko 3 1 2 0 3–1 2 4
2   England 3 1 1 1 3–1 2 3
3   Polen 3 1 1 1 1–3 −2 3
4   Portugal 3 1 0 2 2–4 −2 2

FinalenEndra

 
Lagoppstillingane i finalen, Argentina i stripete trøyer

Finalen fann stad på Azteca-stadion i Mexico-byen 29. juni klokka 1200 lokaltid, med 114 600 til stades på tribunane. José Luis Brown sende Argentina i føringa midtvegs i fyrste omgang, Jorge Valdano la på til 2-0 i det 56. minutt. Vest-Tyskland reduserte ved Karl-Heinz Rummenigge i 74. minutt og utlikna ved Rudi Völler i det 81. minutt. Berre tre minuttar seinare vart den offensive midtbanespelaren Jorge Burruchaga matchvinnar for Argentina.

Argentina sine verdsmeistrar var Nery Pumpido, José Luis Cuciuffo, José Luis Brown, Óscar Ruggeri, Julio Olarticoechea, Ricardo Giusti, Sergio Batista, Héctor Enrique, Jorge Burruchaga, Diego Maradona og Jorge Valdano. Marcelo Trabbiani kom inn i sluttsekundane i staden for Burruchaga.

Vest-Tyskland sitt mannskap bestod av: Harald Schumacher, Thomas Berthold, Karlheinz Förster, Ditmar Jakobs, Hans-Peter Briegel, Andreas Brehme, Norbert Eder, Felix Magath, Lothar Matthäus, Karl-Heinz Rummenigge (kaptein) og Klaus Allofs. Rudi Völler tok i pausa plassen til Allofs, medan Dieter Hoeneß erstatta Matthäus frå 62. minutt.

KjelderEndra