49°12′00″N 2°28′00″E / 49.2000°N 2.4667°E / 49.2000; 2.4667

Chantilly
by
Land  Frankrike
Region Hauts-de-France
Fylke Oise
Areal 16,19 km²
Folketal 10 652 (1. januar 2021)
Kart
Chantilly
49°11′13″N 2°27′39″E / 49.186944444444°N 2.4608333333333°E / 49.186944444444; 2.4608333333333
Wikimedia Commons: Chantilly

Chantilly er ein kommune nord i Frankrike, i departementet Oise i regionen Hauts-de-France. Ved folketeljinga i 2014 hadde han 10 861 innbyggjarar; det større byområdet har rundt 37 000.

Chantilly ligg i elvedalen til Nonette, midt i Chantilly-skogen. Historisk har Chantilly vore knytt til huset Montmorency og prinsane av Condé, som var syskenbarn av dei franske kongane.

Staden er kjend for Slottet i Chantilly, som i dag husar kunstsamlinga Musée Condé. Ved slottet finst også ein imponerande stallbygning (Grandes Écuries) frå 1700-talet som i dag huser hestemuseet Musée Vivant du Cheval. Hesteal og hesteløp har lenge vore viktige i området, og Chantilly-banen (Hippodrome de Chantilly) held mellom anna det årlege løpet Prix du Jockey Club.

Byen er også kjend for sine blonder (Chantilly-blonder) og er opphav til det franske ordet for krem, crème chantilly eller berre chantilly.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Chantilly
  Denne geografiartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.