Oise
franske departement
- For elva med same namn, sjå elva Oise.
Oise | |
---|---|
![]() | |
Våpenskjoldet til Oise | |
Plassering | |
![]() | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 60 |
Region: | Hauts-de-France |
Préfecture: | Beauvais |
Sous-préfectures: | Clermont Compiègne Senlis |
Arrondissement: | 4 |
Kantonar: | 41 |
Kommunar: | 693 |
Président du conseil général: | Yves Rome |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 25. |
-2005 | 785 967 |
Folketettleik: | 134/km² |
Landareal¹: | 5 860 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
![]() |
Oise er eit departementet nord i Frankrike. Departementet ligg i regionen Hauts-de-France, og er kalla opp etter elva Oise.
Historie endre
Oise er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Île-de-France.
Geografi endre
Departementet er i dag ein del av regionen Picardie og ligg 35 km nord for Paris. Det grensar til departementa Somme, Aisne, Seine-et-Marne, Val-d'Oise, Eure og Seine-Maritime.
Demografi endre
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Isariens eller Oisiens.
Turisme endre
Den store turistattraksjonen i departementet er Parc Astérix, som opna i 1989. Andre attraksjonar er Cathédrale Saint-Pierre de Beauvais og Chateau de Pierrefonds.
Bakgrunnsstoff endre
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Oise