Chapeau
Chapeau (fransk for 'hatt') er ein interjeksjon som kan brukast for å uttrykka begeistring eller ærbødigheit. Det er knytt til den gamle skikken med å ta av seg hatten for å visa respekt.
Omgrepet er særleg utbreidd i sykkelsport, der tilskodarar kan løna særskilde krafttak og prestasjonar med utropet «chapeau!».
Kjelder
endre- Kjøll, Georg. «Chapeau!» (6. august 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. februar 2015.