Respekt, vyrdnad eller age (frå latin respicere, 'sjå seg attende, ta omsyn til') er ei kjensle eller opptreden der ein viser age eller vyrdnad for personar, grupper, stader, ting eller omgrep. Ein kan visa nokon respekt som likeverdig eller som høgare enn ein sjølv, til dømes i møte med ein autoritet. Det motsette av respekt kan vera forakt eller respektløyse.

Ein amerikansk marinesoldate viser respekt for ein fallen medsoldat.

På eit grunnleggjade plan kan ein snakka om å respektera menneskeverd og menneske som autonome individ. I sosiale samanhengar kan ein visa folk respekt på grunn av høvet, stillinga ein sjølv og dei er i og så vidare. Ein forventar ofte også respekt i særskilde samanhengar, til dømes i høve til nasjonale og kongelege symbol, religiøse uttrykk og sakralbygg, alvorlege markeringar og seremoniar. Respekt kan også vera viktig i høve til einskildmenneske.

Nokre måtar å visa respekt på er gjennom gestar som å helsa, gjera honnør, bukka, neia, nikka, knela, reisa seg eller bli ståande. Ein kan bruka høflege tiltaleformer og frasar, unngå uttrykksformer som kan oppfattast som krenkande eller respektlause, eller ganske enkelt lytta høfleg. Andre måtar å uttrykka respekt på kan vera ved å la vera å gjera noko, som å vera stille eller unngå upassande merknadar, nærgåande spørsmål eller overdrivne gestar. Ein kan også visa respekt gjennom klesdrakt, som å kle seg som forventa til eit særskild høve, dekka til delar av kroppen eller ta av seg hovudplagg eller skor i visse bygningar eller rom.

Kjelder endre

«respekt» i Store norske leksikon, snl.no.


  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.