54°10′N 3°2′W / 54.167°N 3.033°W / 54.167; -3.033

Chapel Island
øy
Land  Storbritannia
Del av Dei britiske øyane
Kart
Chapel Island
54°10′27″N 3°02′30″W / 54.1741°N 3.0416°W / 54.1741; -3.0416
Wikimedia Commons: Chapel Island
Chapel Island

Chapel Island er ei kalksteinsøy i Leven-estuaraet i Morecambe Bay i England, om lag 1 km frå kysten ved Bardsea i området Ulverston Sands. Øya høyrer til Furnessøyane i grevskapet Cumbria og det historiske området Lancashire. Øya er om lag 400 meter lang og om lag 100 meter brei med eit areal på 3 hektar.

Chapel Island vart kalla Harlesyde Isle i 1593 og fekk det noverande namnet sitt i 1795. På 1300-talet bygde cisterciensarmunkar frå Conishead kloster i nærleiken eit kapell på øya for å tene reisande og fiskarar i området. Det er ingenting att av dette kapellet i dag, men Thomas West skreiv at ruinane framleis var synlege i 1774. I 1821 bygde derimot oberst Thomas Richard Gale Braddyll noko som skulle likne ruinar av kapellet på øya. Desse er framleis synlege og vert stundom feilaktig rekna som dei opphavlege.

Det finst flotte strender på Chapel Island og bortsett frå eit lite området lengst nord er ho neste overgrodd av bjørnebær. Ein kan gå til øya ved lågvatn, men Morecambe Bay er berykta for kvikksand og som regel renn Ulverston-kanalen mellom øya og fastlandet.

Kjelder endre