Chariots of Fire: The Play av Vangelis

musikkalbum av Vangelis
Chariots of Fire: The Play
Musikkalbum av Vangelis
Utgjeve 23. juli 2012
Innspelt 2012
Sjanger Filmmusikk
Selskap Decca Records
Vangelis-kronologi 
The Collection
(2012)
Chariots of Fire: The Play Rosetta
(2016)


Chariots of Fire: The Play er eit musikkalbum av den greske musikaren Vangelis med musikk frå teateroppsetninga til Mike Bartlett av filmen Chariots of Fire. Albumet vart gjeven ut i Europa 23. juli 2012.

Skodespelet nytta både musikk som opphavleg var med i filmen og gjeve ut på albumet Chariots of Fire i 1981, men òg ny musikk komponert av Vangelis for teaterversjonen. Skodespelet vart ein stor suksess og gjekk både på Hampstead Theatre i London, før det flytta til Gielgud theater i West End.[1]

Det nye albumet inneheld eit spor som var direkte henta frå filmmusikkalbumet («Abraham's Theme»), eit spor som var noko oppdatert for skodespelet, og eit spor frå filmmusikkalbumet som kom i ei ny drakt, med fleire synthesizerar og redigering.[1] I tillegg var den religiøse «Jerusalem», som ikkje er skriven av Vangelis med. Denne songen er nytta i både filmen og skodespelet og inspirerte til tittelen til filmen. Alle dei andre spora har med nykomponert musikk, i alt elleve spor. Dei inneheld stundom referansar til tema som vart nytta i filmen, men er ofte heilt nye komposisjonar.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Vangelis, utanom «Jerusalem» av Hubert Parry..

Nr.TittelLengd
1.«Chariots of Fire» (tidlegare utgjeven, lett oppdatert)3:29
2.«Physical Energy»3:13
3.«Home in the Glen»3:52
4.«Eric's Theme» (oppdatert)4:06
5.«Abraham's Theme» (tidlegare utgjeven)3:02
6.«Harold's Despair»2:25
7.«Belief»4:11
8.«Ballard»3:10
9.«Aspiration»8:09
10.«Eric's Pleasure»5:07
11.«Lord Lindsay»1:36
12.«At The Starting Blocks»3:56
13.«Epilogue»4:26
14.«After the Race»4:37
15.«Jerusalem» (tidlegare utgjeven)3:05

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Elswhere