Opna hovudmenyen
Rosetta
Studioalbum av Vangelis
Utgjeve 23. september 2016
Innspelt 2014–16
Sjanger
Lengd 53:35
Selskap Decca Records
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi
Chariots of Fire: The Play av Vangelis
(2012)
Rosetta


Rosetta er eit studioalbum av den greske komponisten og musikaren Vangelis, gjeve ut den 23. september 2016 av Decca Records. Det er dedisert til romsonden «Rosetta», som vart send opp i verdsrommet i 2004.[1]

OversynEndra

Prosjektet er eit resultat av ein videokonferanse frå 2014 mellom ESA-astronauten André Kuipers og Vangelis, medan Kuipers var ombord på International Space Station. Etter samtalen deira vart Vangelis inspirert til å skrive eit album dedisert til romsonden Rosetta.[2][3] I november 2014 vart tre videoar med tre komposisjonar gjevne ut på den offisielle YouTube-kanelen for å feire det første forsøket på å lande på ein komet. Desse tre var «Arrival», «Philae's Journey» og «Rosetta's Waltz».[4][5]

Det er eit av fleire verk av Vangelis som var inspirert av romreiser (Albedo 0.39), eller produsert i samarbeid med romoppdrag (Mythodea).[6]

Vangelis dediserte albumet til alle som hadde gjort Rosetta-oppdraget mogeleg hos ESA, og «Rosetta's Waltz» var særleg dedisert til arbeidsgruppa.[7]

Carl Walker frå ESA sa: «Då me sette bileta frå sonden i lag med musikken, tenkte med at dette fanga korleis folk ville ha kjent det om dei hadde sett kometen så nær på verkeleg. Med musikk kan du skape kjensler og skape minne: Eg trur at det Vangelis ønskte å gjere her var å dele eit varig minne av Rosetta gjennom musikken sin».[2]

UtgjevingEndra

Albumet er tilgjengeleg for digital nedlasting, strøyming, CD,[1] og vinyl.[8]

InnhaldEndra

# Tittel Lengd
1. «Origins (Arrival)»   4:22
2. «Starstuff»   5:14
3. «Infinitude»   4:30
4. «Exo Genesis»   3:33
5. «Celestial Whispers»   2:31
6. «Albedo 0.06»   4:45
7. «Sunlight»   4:22
8. «Rosetta»   5:02
9. «Philae's Descent»   3:04
10. «Mission Accomplie (Rosetta's Waltz)»   2:12
11. «Perihelion»   6:35
12. «Elegy»   3:06
13. «Return to the Void»   4:19

ListerEndra

Liste (2016) Plassering
Belgiske album (Ultratop Flandern)[9] 10
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[10] 32

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Rosetta CD». uDiscover. Henta 30. september 2016. 
  2. 2,0 2,1 Iain Todd (18. august 2016). «Vangelis to release Rosetta-inspired album». BBC Sky at Night. Henta 30. september 2016. 
  3. Emily (29. juli 2016). «New Vangelis Album Inspired By ESA's Rosetta Mission». European Space Agency. Henta 30. september 2016. 
  4. Claudia (19. desember 2014). «Music Of The Irregular Spheres». European Space Agency. Henta 30. september 2016. 
  5. Mia Tramz (12. desember 2014). «Celebrate Philae’s Comet Landing With These 3 Mesmerizing Music Videos». Time. Henta 30. september 2016. 
  6. «Vangelis Re-enters the Stratosphere with 'Rosetta'». uDiscover. 29. juli 2016. Henta 30. september 2016. 
  7. April Clare Welsh (29. juli 2016). «Vangelis to release Rosetta album inspired by comet landing mission». Fact. Henta 30. september 2016. 
  8. «Rosetta LP». uDiscover. Henta 30. september 2016. 
  9. "Vangelis – Rosetta" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 30 September 2016.
  10. "Vangelis – Rosetta" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 30 September 2016.

BakgrunnsstoffEndra