Charles-Augustin de Coulomb
Charles Augustin Coulomb (14. juni 1736–23. august 1806) var ein fransk fysikar og ingeniør. Han kom fram til Coulomblova.
Charles-Augustin de Coulomb | |||
| |||
Fødd | 14. juni 1736 Angoulême | ||
---|---|---|---|
Død | 23. august 1806 Paris | ||
Nasjonalitet | Frankrike | ||
Område | elektromagnetisme, jordmekanikk | ||
Yrke | fysikar, ingeniør, offiser, militæringeniør, militær, soldat | ||
Alma mater | Collège des Quatre-Nations École royale du génie de Mézières | ||
Medlem | Det polske vitenskapsakademi |
Frå 1802 var han i offentleg teneste som rådgjevar ved innføringa av standardar for mål og vekt. Frå 1804 var han generalinspektør for det franske undervisningsvesenet. Coulomb fann opp på ny og utvikla torsjonsvekta som gjorde han i stand til å utføre presisjonsmålingar av krefter mellom elektriske ladningar. I 1785 påviste han at krafta, K, mellom to ladningar, q1 og q2, er proporsjonal med produktet av ladningane, og omvendt proporsjonal med kvadratet av avstanden, r, mellom dei. Seinare viste Coulomb at tilsvarande lov òg gjeld for kraftverknaden mellom to magnetiske polar. Coulomb utforma i tillegg friksjonslovene.
Dei viktigaste verka hans om elektrisitet og magnetisme finst i sju avhandlingar frå åra 1785–89.
Eininga coulomb (symbol C) for elektrisk ladning er kalla opp etter han.
Kjelder
endre«Charles Augustin de Coulomb» av Jacob Sandstad i Store norske leksikon, snl.no.