Ei torsjonsvekt eller ei dreievekt er eit instrument til måling av (vanlegvis) små dreiemoment. Torsjonsvekta kan bestå av ein fritt opphengt, elastisk tråd forsynt med ein visar eller ein spegl i den nedre enden, der òg dreiemomentet vert sett. For små utslag er dreiemomentet proporsjonalt med utslagsvinkelen. Torsjonsvekta vart først nytta av Charles-Augustin de Coulomb for å studere elektriske og magnetiske kraftverknader. Henry Cavendish og andre nytta torsjonsvekta til gravitasjonsmåling.

Skisse av torsjonsvekta til Coloumb

Kjelder endre