Charles Colbert de Croissy

Boks Charles Colbert, marquis de Croissy (162528. juli 1696) var ein fransk statsmann og diplomat.

Charles Colbert de Croissy

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 5. august 1629
Reims
Død

28. juli 1696 (66 år)
Versailles

Yrke statsmann, diplomat
Språk fransk
Far Nicolas Colbert de Vandières
Mor Marie Pussort
Charles Colbert de Croissy på Commons

Som den eldre bror hans, Jean Baptiste Colbert, starta han karrieren sin hos krigsminister Le Tellier. I 1658 vart han leiar av den nyskapte regionen Alsace, som nyleg var annektert av Frankrike. I 1662 vart han marquis de Croissy og président à mortier i parlementet i Metz. Etter fleire diplomatiske reiser til Tyskland og Italia vart han etter kvart diplomat på fulltid. I 1668 representerte han Frankrike på konferansen i Aix-la-Chapelle og same året vart han send til London som ambassadør, der han forhandla fram den endelege Dover-traktaten med Karl II. Han overtalte mellom anna Karl II til å erklære den tredje engelsk-nederlandske krigen mot Dei sameinte Nederlanda.

Forhandlingane i freden i Nijmwegen (1676–1678) styrkte ryktet hans som diplomat og Ludvig XIV gjorde han til statssekretær for utanrikssaker.

Kjelder endre