Charles Messier
Charles Messier (26. juni 1730–12. april 1817) var ein fransk astronom, mest kjend for å publisere ein astronomisk katalog som bestod av stjernetåker og stjernehopar og vart kjend som dei 110 «Messier-objekta». Føremålet med denne katalogen var å hjelpe astronomiske observatørar, særleg kometoppdagarar som han sjølv, til å skilje mellom permanente og flyttande, diffuse lekamar på himmelen.
Charles Messier | |||
Charles Messier | |||
Fødd | 26. juni 1730 Badonviller i Frankrike | ||
---|---|---|---|
Død | 12. april 1817 (86 år) Paris i Frankrike | ||
Nasjonalitet | fransk | ||
Område | Astronomi | ||
Yrke | astronom | ||
Kjend for | Messierkatalogen | ||
Ektefelle | Mrs Charles Messier | ||
Medlem | Royal Society Kungliga Vetenskapsakademien Det franske vitskapsakademiet Det russiske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet Académie de Stanislas |
Messier var astronom ved Marineobservatoriet i Paris. Han var særskild interessert i studiet av kometane og oppdaget sjølv 21. Ludvig XV kalla han spøkefullt for le furet des comètes («kometsporhunden»). Under arbeidet sitt med kometane laga han ein katalog over 113 stjernehoper og tåker som kunne forvekslast med kometer (1781). Mange av desse objekta har framleis nummer frå denne katalogen, Messierkatalogen, til dømes Messier 1 (M 1), som er Krabbetåka i Tyren.
Ettermæle
endreKrateret Messier på månen og asteroiden 7359 Messier er kalla opp etter han.[1]
Kjelder
endre- ↑ Schmadel, Lutz D.; International Astronomical Union (2003). Dictionary of minor planet namns. Berlin; New York: Springer-Verlag. s. 592–593. ISBN 978-3-540-00238-3. Henta 9 September 2011.
- «Charles Messier», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 21. mars 2015