Charlottenborg i Danmark
Charlottenborg er ein bygning ved Kongens Nytorv i sentrale København i Danmark. Her ligg mellom anna Det Kongelige Danske Kunstakademi.

Den eldste delen av Charlottenborg stammar frå slutten av 1670-talet.
Historie endre
Charlottenborg blei oppført for Ulrik Frederik Gyldenløve i åra 1672-1683 og var ein av dei første større bygningane som blei oppførte ved Kongens Nytorv, som då var nytt. Bygningen var i tillegg eun av dei første barokkbygningane som blei bygga i Danmark.[2]
Kunstakademiet endre
Det danske Kunstakademiet blei formelt oppretta i 1754 og overtok ein stor del av Charlottenborg. I 1787 blei paléet endeleg overdratt til akademiet som eigedom, og brukt av dei til våre dagar, bortsett frå i ein periode etter brannen i København i 1795, då fleire institusjonar flytta inn midlertidig.
Kjelder endre
- ↑ Charlottenborg frå Den Store Danske
- ↑ ARKITEKTUREN FRA 1660 - CA. 1754, Charlottenborg fra Dansk Arkitektur Center (besøkt 27. juni 2014)
- Denne artikkelen bygger på «Charlottenborg (Danmark)» frå Wikipedia på bokmål, den 26. november 2018.