Charnockitt
Charnockitt er ein hypersthenførande granitt opphavleg skildra frå India.
I Noreg finst liknande pyroksenførande granittar i Egersundsfeltet, i fjellstrøka Jotunheimen-Sogn og i Lofoten.
Bergarten er oppkalt etter Job Charnock, som døydde 1693 i Calcutta. Gravsteinen hans frå 1695 er laga av det originale prøvematerialet.
Kjelder
endre- «charnockitt» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no. Henta 14. februar 2014.