Chawton er ein landsby i East Hampshire-distriktet i Hampshire i England. Landsbyen ligg innanfor nasjonalparken South Downs .[1] Han er kjend som heimen til forfattaren Jane Austen dei siste åtte åra ho levde.

Chawton
landsby
Land  England
Region South East England
Fylke Hampshire
Distrikt East Hampshire
Kart
Chawton
51°7′58″ N 0°59′19″ W
Wikimedia Commons: Chawton

Chawton hade eit folketal på 380 i 2000. Det er del av folketeljingsområdet Downland, som har 2 149 innbygjarar.[2]

Chawton er nemnd i Domesday Book frå 1086. På 1200-talet fanst det eit herskapshus her som tilhøyrde John St John, ein nær undersått av Edvard I. Henry III vitja huset meir enn førti gonger. På 1500-talet bygde John Knight det noverande herskapshuset, Chawton House, som seinare blei påbygd og landskapet rundt endra av etterfølgjarane hans.[3] På 1700-talet arva Jane Austen sin bror, Edward Austen Knight, eigedommen etter å ha blitt adoptert av Knight-familien.I 1809 flytta Jane Austen, mora og systera inn i eit lite hus i landsbyen.

Landsbyen har ei kyrkje, St Nicholas-kyrkja, som blei utforma av Arthur Blomfield.[4]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 3. april 2009, henta 25. mai 2013 
  2. UK Census data
  3. Sheffield Hallam University
  4. Chawton village information, arkivert frå originalen 6. mai 2021, henta 25. mai 2013