Hampshire (tidlegare stundom kalla Southamptonshire,[1]Hamptonshire,[2] eller County of Southampton[3]) er eit grevskap på sørkysten av England. Grevskapet grensar til Dorset, Wiltshire, Berkshire, Surrey og West Sussex. Det har eit areal på 3769 km² og strekkjer seg på det lengste 90 km frå aust til vest og 65 km frå nord til sør. Administrasjonsbyen er Winchester og det har kring 1,7 millionar innbyggjarar. Det seremonielle grevskapet består av elleve distrikt i det administrative grevskapet i tillegg til dei sameinte styresmaktene Southampton og Portsmouth. Dei to byene vart sjølvstyrte i 1997 og har kring 1,6 millionar innbyggjarar. Christchurch og Bournemouth, som tidlegare låg i grevskapet, vart ein del av Dorset i 1974.

Hampshire
Geografi
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
OpphavHistorisk
Region Sør-England
Areal 3 769 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

1 720 600
456,5 /km²
Etnisitet 96,7 % kvite
1,3% sørasiatiske
2,0% andre
Distrikt
  1. Gosport
  2. Fareham
  3. Winchester
  4. Havant
  5. East Hampshire
  6. Hart
  7. Rushmoor
  8. Basingstoke and Deane
  9. Test Valley
  10. Eastleigh
  11. New Forest
  12. Southampton (sameint)
  13. Portsmouth (sameint)

Hampshire er eit populært ferieområde med turistattraksjonar som dei mange kystbyane, området rundt Portsmouth og motormuseumet i Beaulieu. Nasjonalparkane New Forest og South Downs ligg i grevskapet. Hampshire har ei lang sjøfartshistorie og to av dei største hamnebyane i England, Portsmouth og Southampton, ligg ved kysten. Grevskapet er kjend som heimstad til forfattarane Jane Austen og Charles Dickens og ingeniøren Isambard Kingdom Brunel.

Historie endre

Hampshire har tidlegare vorte kalla Southamptonshire, mellom anna på kart frå viktoriansk tid. Namnet vart offisielt endra til Hampshire 1. april 1959.

Isle of Wight vart tidlegare, i seremonielle samanhenger, rekna som ein del av Hampshire, men har vore eit eige administrativt grevskap sidan 1890 og eige seremonielt grevskap sidan 1974. Det einaste formelle administrative bandet mellom dei to grevskapa er den felles politistyrken.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre