Klosaksdyr
underrekkje av leddyr
(Omdirigert frå Chelicerata)
Klosaksdyr (Chelicerata) er ei gruppe leddyr som er kjenneteikna ved at dei har seks par vedheng. Det fyrste paret er utvikla til klosakser eller chelicer, som blir nytta til å kutta opp og manipulera mat med. Det andre paret er vanlegvis utvikla som primitive gangbein, men kan vera meir spesialisert hjå meir avanserte artar. Dei fire siste para har stort sett gangbeinfunksjon. Hjå andre nolevande artar leddyr er det fyrste beinparet gjort om til antenner.[1]
Klosaksdyr | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Klosaksdyr Chelicerata Heymons, 1901 |
Treliste
Klosaksdyra utvikla seg i havet for meir enn 445 millionar år sidan,[2] men nokre har sidan utvikla boklunger og lever på land. Kor mange artar som finst er usikkert, ettersom ein reknar med at svært mange av dei framleis er uoppdaga.
Inndeling
endreTreliste
Kjelder
endre- ↑ Erik Tetlie, Odd & Rein, Jan Ove. (2006). Klosaksdyrene (Chelicerata) og deres slektskapsforhold. Naturen Oslo. 130. 244-257.
- ↑ Rudkin, D.M.; Young, G.A. & Nowlan, G.S. (January 2008), "The Oldest Horseshoe Crab: a New Xiphosurid from Late Ordovician Konservat-Lagerstätten Deposits, Manitoba, Canada", Palaeontology, 51 (1): 1–9, doi:10.1111/j.1475-4983.2007.00746.x
- Denne artikkelen bygger på «Klosaksdyr» frå Wikipedia på bokmål, den 6. februar 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Chelicerata – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Chelicerata i Encyclopedia of Life
- (sv) Chelicerata hos Dyntaxa
- (en) Chelicerata hos Fauna Europaea
- (en) Chelicerata hos Fossilworks
- (en) Chelicerata hos ITIS
- (en) Chelicerata hos NCBI
- (en) Kategori:Chelicerata – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Chelicerata – detaljert informasjon på Wikispecies