Dyr
Lemurmor med barn.
Lemurmor med barn.
Systematikk
Overrike: Eukaryotar Eukaryota
Rike: Dyr Animalia
Linnaeus, 1758

Dyr er levande organismar som høyrer inn under riket Animalia. Felles for desse er at dei er heterotrofe, fleircella skapnadar med cellekontaktar, ekstracellulære matrixprotein, cellulær kommunikasjon og subcellulære organellar. Dei manglar cellevegg og kloroplastar, og utviklar seg frå embryoar. Læra om dyr blir kalla zoologi.

Tidlegare rekna ein òg dei eincella protistane til denne gruppa, men nyare forsking har vist at dyra er meir nærskylde både sopp og plantar enn til dømes tøffel-«dyr». I dag vert omgrepet stort sett brukt om fleircella dyr, Metazoa, stundom òg om krageflagellat-organismane me trur dei stammar frå.

Fleircella dyr endre

Det finst i dag omtrent 1,2 millionar kjente artar av fleircella dyr, som varierer i storleik mellom 10 μm og 30 m. Den første stamforma for alle fleircella dyr levde for omtrent éin milliard år sidan. Det finst to hovudteoriar for korleis ho har sett ut.

Kolonialismeteorien vart først framsett av Ernst Haeckel i 1874 og går ut på at fleircella dyr stammar frå eincella organismar som levde i koloniar. I dag reknar dei fleste vitskapsfolk med at dette stemmar, og at dei næraste slektningane til dyra er choanoflagellatane. Ein av celletypane til svampane liknar særs mykje på ein choanoflagellat, i tillegg til at somme flagellatkoloniar kan likna planulalarvestadiet hjå nesledyr.

I 1955 foreslo to forskarar (Hadzi & Hanson) at dyreriket heller stamma frå ein stor ciliat med fleire cellekjernar og ein «cellemunn» av det slaget ein kjenner frå tøffeldyra. Dei meinte at dei ulike cellekjernane etter kvart fekk celleveggar, og at dei tidlegaste dyra likna flatmakk i oppbyggnad. Flimmerhåra og den sentralt plasserte munnen hjå flatmakk talar for teorien, men både molekylære data og den den store avstanden i kompleksitet mellom ciliat og flatmakk talar mot han.

Inndeling av fleircella dyr: endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Miller, S.A & Hardley, J.P: Zoology, McGraw-Hill 2007
  • Velle, Gaute: Forelesningsnotatar til kurs i zoologi, UIB 2007
      Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.