Chesterfield
Chesterfield er ein marknadsby og eit administrativt distrikt i Derbyshire i East Midlands i England. Han ligg på møtestaden til elvane Rother og Hipper.[1]
Chesterfield | |||
by | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | East Midlands | ||
Distrikt | Chesterfield | ||
Areal | 66,04 km² | ||
Folketal | 70 710 (2007) | ||
Postnummer | S40 | ||
Chesterfield 53°14′09″N 1°25′39″W / 53.235833333333°N 1.4275°W | |||
Wikimedia Commons: Chesterfield, Derbyshire |
Historie
endreByen fekk marknadsrettar frå kong Johan utan land i 1204. Han voks sakte men sikkert fram til 1800-talet, då han fekk velstandstider på grunn av jernbanen. Chesterfieldlinja, som var ein del av North Midland-linja mellom Derby og Leeds, vart starta av George Stephenson i 1837. Under konstruksjonen oppdaga ein ei stor kolåre. Stephenson starta opp eit gruveselskap, som tok ut både kol og jernmalm i området. Stephenson budde i Tapton House i Chesterfield resten av livet, og er gravlagt i Trinity Church.
Det mest kjende landemerket til byen er spiret til kyrkja Saint Mary and All Saint. Det blir kalla «the crooked spire» («Det skeive tårnet») og toppen lenar seg nesten 3 meter til sidan i tilhøve til midtpunktet til tårnet. Dette skuldast truleg bruk av vått tømmer eller for få støttestag. Meir fargerike forklaringar er at spiret var så sjokkert over å høyre at ei jomfru gifta seg i kyrkja, at det bøygde seg for å sjå nærare på det, eller at ein smed i Bolsover skodde Djevelen feil, og at Djevelen så i store smerter hoppa over tårnet og slo det ut av stilling.
Boremaskinene som vart brukt under konstruksjonen av Kanaltunnelen vart laga i Chesterfield av Markham & Co., som no ikkje lengjer har nokre lokale der.
Kjelder
endre- ↑ «Chesterfield | Market Town, Derbyshire, Peak District | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), 23. oktober 2023, henta 24. oktober 2023
- Denne artikkelen bygger på «Chesterfield» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juli 2011.