George Stephenson

George Stephenson (9. juni 178112. august 1848) var ein engelsk ingeniør og forretningsmann som konstruerte det dampdrivne lokomotivet Rocket. Han stod bak byggjinga av den fyrste jarnvegen i verda, ein jarnveg som gjekk mellom byane Liverpool og Manchester, og som vart bygt for nettopp å ha nytte av damplokomotiv. Jarnvegen vart opna i 1830.

George Stephenson

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 9. juni 1781
Wylam
Død

12. august 1848 (67 år)
Tapton House

Yrke sivilingeniør, oppfinnar, maskiningeniør, jernbaneingeniør, locomotive designer
Språk engelsk
Løn 100 britisk pund, 200 britisk pund, 660 britisk pund
Ektefelle Frances Henderson, Elizabeth Hindmarsh, Ellen Gregory
George Stephenson på Commons

Stephenson fekk tilnamnet «Far til jarnvegen». I viktoriatida vart han i England, og vidare, halden fram som eit framifrå døme på flid, virke og trong til forbetringar. Han bygde jarnvegar med ei sporvidde på 1,435 m, noko som framleis er standard sporvidde i verda.

Kjelder endre

  Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.