Chhattisgarh er ein delstat i sentrale India. Han har inga kystlinje, men grensar til Madhya Pradesh i nordvest, Uttar Pradesh i nord, Jharkhand i nordaust, Orissa i aust, Andhra Pradesh og Telangana i sør og Maharashtra i vest.

Chhattisgarh
delstat
Symbol
Forkorting: IN-CT
Land  India
Hovudstad Raipur
Areal 135 194 km²
Folketal 29 436 231 (2020)[1]
Grunnlagd 1. november 2000
Språk hindi, chhattisgarhi
Kart
Chhattisgarh
21°16′N 81°36′E / 21.27°N 81.6°E / 21.27; 81.6
Wikimedia Commons: Chhattisgarh
Kvinne og mann frå Chhattisgarh som er adivasiar, eller stammefolk.

Delstaten blei danna i 2000 av 16 tsjhattisgarhitalande område frå Madhya Pradesh. Chhattisgarh er den tiande største delstaten i India og har det 16. største folketalet. Han er ein viktig produsent av elektrisk straum og stål. Delstatshovudstaden er Raipur.

Rundt 80 % av innbyggjarane bur på landsbygda. Delstaten har også ein stor del innbyggjarar som høyrer til Scheduled Tribes (ca. 34 %), Scheduled Castes (12 %) og Other Backward Castes (50 %) – alle grupper som tradisjonelt har opplevd diskriminering.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Chhattisgarh
  Denne geografiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.