Andhra Pradesh
Andhra Pradesh,[a] ofte kjend under forkortinga AP, er ein delstat søraust i India, den fjerde største i landet i utstrekking (275 068 km²) og den femte største i folketal (75,7 mill.). Delstaten grensar til Telangana, Chhattisgarh og Orissa i nord, Karnataka i vest, Tamil Nadu og Bengalbukta i aust. Staten har stor produksjon av ris, og blir kalla «Indias risbolle». Dei viktige elvane Godavari og Krishna renn gjennom. Hyderabad er hovudstad og den største byen.
Andhra Pradesh | |||
delstat | |||
Forkorting: IN-AP | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Del av | Sør-India | ||
Hovudstad | Hyderabad | ||
Areal | 162 970 km² | ||
Folketal | 49 634 314 (2011)[1] | ||
Grunnlagd | 1. oktober 1953 | ||
Språk | Telugu, urdu | ||
Andhra Pradesh 16°30′50″N 80°30′59″E / 16.514°N 80.516488888889°E | |||
Kart som viser Andhra Pradesh.
| |||
Wikimedia Commons: Andhra Pradesh |