Chiavari
kommune i Italia
Chiavari er ein by og ein kommune i provinsen Genova i Liguria-regionen i Italia. Kommunen har i kring 28 000 ibuarar og eit areal på 12,1 km². Kystbyen Chiavari ligg ved Liguriahavet, mellom kommunane Rapallo i vest og Lavagna i aust. Byen ligg ved munninga av elva Entella, på ei slette omkransa av åsar.
Chiavari | |||
by | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Areal | 12,23 km² | ||
Folketal | 27 307 (1. januar 2023)[1] | ||
Chiavari 44°18′59″N 9°19′25″E / 44.316411111111°N 9.3237361111111°E | |||
Wikimedia Commons: Chiavari |
Chiavari er eit turistsenter på den italienske rivieraen og ein regional marknadsplass for jordbruksvarer. Turismen dreg nytte av den reine, blå sjøen og det historiske bysenteret med sine rikmannshus i genovesisk stil. Framstilling av stolar, blondar og silke, samt skifer er også viktige næringsgreiner.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chiavari» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juli 2013.