Rapallo

kommune i Italia

Rapallo er ein by og ein kommune i provinsen Genova i Liguria-regionen i Italia. Kommunen har om lag 29 000 ibuarar og eit areal på 33,6 km². Kystbyen Rapallo ligg på den italienske rivieraen i ei bukt av Liguriahavet, mellom kommunane Portofino i vest og Chiavari i aust.

Utsyn over Rapallo
Rapallo-borga
Hamnegate i Rapallo

Staden har eit mildt klima og hovuddelen av byen ligg på rimeleg flatt land. Mange har busett seg i åsane som reiser seg rett bakom bykjernen, der det er betre ly mot dei kraftige nordavindane.

Soge endre

Dei eldste busetnadene på staden er truleg frå det åttande hundre før Kristi fødsel.

Landsbyen Rapallo vart erobra av lombardar i 643. I Karl den store si regjeringstid vart han underlagt greiven i Genova. Bynamnet vert nytta fyrste gongen i eit dokument frå 964. Frå 1200-talet til napoleonskrigane låg Rapallo under bystaten Genova. Galeiar frå Rapallo deltok til dømes i Meloria-slaget i 1284. Den 5. september 1494 vart byen erobra av aragonesarar, medn tre dagara seinare vart det jaga bort av ein sveitsisk styrke på 2 500 mann. Gjennom 1500-talet vart byen angripen og plyndra av ottomanske og nordafrikanske piratar. Til vern mot slike angrep vart bygt ei borg ved hamna.

Etter at Frankrike hadde styrt byen i meir enn ti år, erobra britiske styrkar Rapallo i 1814. Året etter vart han innlemma i den nye staten kongeriket Sardinia, som del av hertugdømet Genova.

12. november 1920 skreiv Italia og kongeriket Jugoslavia under på Rapallo-avtalen, ein avtale som løyste grensespørsmåla mellom dei to statane. Italia fekk hand om den strategisk viktige fjellryggen i Julian-Alpane då grensesene vart fastsett i nordaust. I april 1922 inngjekk Russland og Tyskland ein avtale der dei to statane gav avkall på krigerstatningar og tok opp ordinær diplomatisk komtakt.

Vinterstid har Rapallo i generasjonar vore ein ynda stad for rikfolk frå det nordvestlege Italia. Sidan andre halvdel av det 19. hundreåret har også ein del utlendingar budd i byen, mellom dei tyske Friedrich Nietzsche og USA-amerikanaren Ezra Pound

Kjelder endre