Chillingham
Chillingham er ein landsby i Northumberland i England. Han ligg rundt 6 km (3,7 mi) aust for Wooler og sør for Chatton. Ved folketeljinga i 2011 hadde landsbyen under 100 innbyggjarar.
Chillingham | |||
landsby | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | North East England | ||
Fylke | Northumberland | ||
Kommune | Tillside Parish | ||
Folketal | 50 (2001[1]) | ||
Chillingham 55°31′37″N 1°54′14″W / 55.527°N 1.904°W | |||
Wikimedia Commons: Chillingham, Northumberland |
Chillingham utgjorde eit eige sokn (civil parish) som blei del av det nylaga Tillside Parish i 2003.[2]
Staden er kjend for Chillingham Castle, ein strategisk stad i grenselanda mellom England og Skottland, og chillinghamfe, ein flokk genetisk isolert kvitfarga kveg på rundt 90 individ som har funnest her sidan mellomalderen.
Landsbyen Hepburn og ruinane av eit bastle, ein befesta husbygning, ligg i utkanten av Chillingham Park.[3]
Minesveiparen HMS «Chillingham» fekk namn etter landbsyen.
Den irske komponisten Charles Villiers Stanford skreiv songen «Chillingham» inspirert av venleiken og freden i landskapet.
Folk frå Chillingham
endre- George Thorp (1777-1797), offiser i Royal Navy som hadde ein kort, men heroisk karriere. Han døydde 19 år gammal i slaget ved Santa Cruz de Tenerife leia av Horatio Nelson den 25. juli 1797.
- John Sandford (1832–1892), cricketspelar og dommar (judicial commissioner) i Burma og Mysore.
Kjelder
endre- ↑ «Office for National Statistics: Neighbourhood Statistics». Arkivert frå originalen 13. juni 2011. Henta 25. oktober 2009.
- ↑ «Tillside Civil Parish | Co-Curate», co-curate.ncl.ac.uk, henta 10. februar 2022
- ↑ «Hepburn Bastle, Chillingham (The Gatehouse Record)», www.gatehouse-gazetteer.info, henta 19. februar 2022
- Denne artikkelen bygger på «Chillingham, Northumberland» frå Wikipedia på engelsk, den 19. februar 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- GENUKI (arkivert nettstad)
- Northumberland Communities